Introduksjon
Dette er en gjenfortelling av Sigrid-Anettes Soga om Kattekoga, med tillatelse av forfatteren selv.
Kattane fekk donert ei omtrent ubrukt kattekorg, til stor glede for alle hustandsmedlemar. Det var inntil Igo, som (diverre) har hatt kallenamnet Putin (det var før februar also), tok ein Putin og annekterte korga. Han meinar den passar perfekt. Vi andre har litt andre meiningar om det. Men, den vert no brukt då 🙈
Frendar eg frenkar, eg bringjer dokke soga om kattekorga!
Kapittel 1: Dramatikk
Dagens hund i kattekorg: slagside.
Dagens hund i kattekorg: med rette vinkelen, er korga størst!
Me køyrer på med meir hund i kattekorg. Der er ein hund.
Dagens hund i kattekorg: av og til må tåfisane luftast.
Dramatikk i kattekorga! Etter to vekers okkupasjon av Igo, så har ein KATT lagt seg i kattekorga! 🤯 kor lengje greier Albus å halde på korga? Kor mykje tolmod har Igo til overs etter løpetid i nabolaget??
Den som ventar får sjå 👀
Det tok ikkje så lang tid før okkupasjonen var over. Det er balanse i universet.
Dagens hund i kattekorga: det er viktig å markere kven som er rettmessig korgfyll.
Dagens hund i kattekorg: borte bra, heime best. Altfor travelt på tur til å nytte seg av korga. No er alt vel.
Kapittel 2: Fisken og Halloween
Dagens hund i kattekorg: Igo er kanskje sjef i korga, men ikkje når Albus dreg ei sprell levande krede gjennom katteluka, og etter litt overtaling går med på å ikkje ete den under matmor si seng, men få den delt opp som seg hør og bør og servert. Igo vil gjerne smake, men veit at når pus tilsynematande har fanga fisk sjølv, så veit han å bruke klørne 🙈😅
At denne puddingen på 6kg skal få tak i ei krede i mørket er litt utanfor mi fatteevne. Men så fann eg heller ikkje merke etter garn eller ongel på den 😅 kanskje han har ein liten hjelpar? "Vi møtast under bøken kl. 21..."
Ein kan seie det slik at eg var rimeleg rysta då han pilte forbi meg med sprell levande fisk i munnen 🙈😂
Dagens hund i kattekorg: det er godt å slye når ein fekk forsyne seg av gårsdagens fiskerogn... 👀
Dagens hund i kattekorg: kattekorger kan visst i enkelte vinklar minne vagt om slaktebenkar.
Igo er med andre ord ikkje ferdig med Halloween 👀
Kapittel 3: Teknikk a la kante
Dagens hund i kattekorg: livet handlar om balanse i kaoset. Som når du eigentleg er for stor for korga di, men du har funne ut akkurat kvar vippepunktet mellom suksess og fiasko er 🧘♀️🎉
Dagens hund i kattekorg: peek-a-boo!
Dagens hund i kattekorg: alt får plass. Nesten.
Dagens hund i kattekorg: det er kanten som er tingen!
Dagens hund i kattekorg: eg føler at eg må understreke at han har ei stor nok korg, men sjølv der skal han liggje ut på kanten 🙈
Dagens hund i kattekorg: Igo har funne teknikken og deisar rett i korga. Ein presisjon sjølv ikkje eg har når eg inntek horisontalen!
Dagens hund i kattekorg: i dag har me montert på lunte! Kom mandag og treng deg på, her skal du motstand finne 👀 : En ganske hårete lunte, ikkje så lang, men hårete😄
Kapittel 4: Overnatting
Dagens hund i kattekorg: overnatting! Igo skal passe Trud, Vikke og Lussi medan matfolka er på vift. Sjølvsagt måtte korga vere med 🙈 Foreløpig søv alle unnateke Lussi og underteikna. Det går med andre ord så det susar 😂
(Slapp av, Igo har ein betre plass å sove. Han meiner berre at kattekorga er best)
Dagens hund i kattekorg: det er slitsamt å passe på den pelsgjengen also. The dog is falling out of the cat basket! 😆💕 He is becoming liquid, like a cat 🤣
Kapittel 5: Some like it hot
Dagens hund i kattekorg: nokre får det berre ikkje heitt nok 👀
No skal vel Igo vere fornøgd med fyringa i nokre dagar 😂
Tunghøyrd hund har både sine utfordringar og gleder. Som om innkalling ikkje var vanskeleg nok frå før! Men, ei av dei store gledene må vere kor lett det er å glede ein blidfis (som allereie er veldig blid) 😁
Som når ho matmor no brukar garasja på andre sida av vegen, då høyrer ikkje han at eg kjem heim. Inntil eg står og kakkar av snøven når eg går inn. Den biologiske innbrotsalarmen går av (Verisure sin har skjønt dette for lengst), og det er full sirene i 3 sekund før han ser det er berre eg, og sirena vert avløyst av ville piruettar og gryntelydar der han spinn fram og tilbake på golvet. Då er alt av gryande alderdom gløymt 😂
Dagens hund i kattekorg - kroken min, 2 meter unna, held 24,5 grader. Kva det gjer der borte, må vere stusseleg når han enno ligg i korga. Rare greier!
Dagens hund i kattekorg: det er kjekt med litt selskap foran omnen 😊 sjølv om det ser ut som om Albus øver seg til Grevinnen og Hovmesteren...
Dagens hund i kattekorg: eg trur nokon demonstrerar mot at det ikkje er fyr i omnen.
Kapittel 6: Seng og vask
Dagens hund i kattekorg: Siste oppdatering: prøvde å kjøpe Igo ei hundeseng. Eitt bilete seier meir enn tusen ord 🙈 Så til alle som seier eg burde kjøpe han ei større seng: eg prøvde.
Dagens hund i kattekorg: Og som Brynhild sa: Hundesenger er for taparar 😂
Dagens hund i kattekorg: Så skjedde det fatale; kattekorga måtte til vask 😅 Årsaka skuldast noko så banalt som Igo sin trang til å drikke sølevatn med ein gong matmor snur ryggen til, så her vurderast det munnkorg framover når han får hissig magesjau for andre gong på to månadar. Stakkars kattekorg (og Igo). Sann går det når ein er syk og svak foran og bak, og medisinen gir ca same effekt som Ozzy Osbourne på ein finversdag 🙈
Kryss fingrane for at hundesenga greier seg i natt. Og at eg vert tilgitt for å vaske kattekorga 👀 eg satsar på at handmating med deileg våtfor gir nok pluss på nådekontoen 😂
Dagens hund i kattekorg: Krenkefesten tek heilt av! Nyvaska kattekorg var fæle saker, så då vil han heller ligge i sofaen - som han elles unngår 😂
Han innsåg at den andre senga også er på veg mot vaskemaskina, så då var det tilbake i kattekorga 😅
Ikkje berre-berre å forast opp etter sykje. Puddingmodus når nye høgder 😅